Mikkjel Fønhus
Vassfaret i Fønhus si dikting
Av Ivar Aars i boka ”Natur og menneske i Vassfaret”. Universitetsforlaget 1983.
”Her ligger et stykke norsk natur som en skal fare vidt over landet for å finne maken til.” – ”Valdris” (Mikkjel Fønhus) i Naturfredning i Norge, 1940-41.
Villmarksdiktaren Mikkjel Fønhus levde frå 1894 til 1973. Han var frå garden Fønhus, ei dryg mil sør for Bagn tettstad i Sør-Aurdal i Valdres. Han budde tett ved Storelva (Begna), og hadde Hølera – elvi som i bøkene hans har namnet Kverrvilla – tett nordafor. Bagn vestås grensar mot Vassfaret og Hedalen, og bilvegen over til Hedalen tek av frå Begnavassdraget eit par mil synnafor Hølera, frå Beindalen, eller ”Nedre Hedalen” som det i si tid heitte.
Fønhus fekk si fyrste villmarkshistorie på prent alt då han gjekk på middelskulen i Valdres i Aurdal. Frå 1917 til han døydde i 1973 kom det over 40 romanar, og i 1978 nesten like mange Nye romaner og fortellinger, som låg att etter honom.
Vassfaret stod sentralt heilt frå Der vildmarken suser frå 1919 til Under Skagsnuten i 1973. Og mellom desse ligg ei rad romanar som var å gjera Fønhus til den store villmarksdiktaren i europeisk litteratur, og Vassfaret til det mest kjende villmarksområdet i Sør-Noreg.
Journalisten Fønhus opna den litterære verksemda si med å skrive mange Vassfar-skildringar som ligg i grenseområdet mellom novelle og reportasje. Alt i debutåret 1917 har lokalavisa Valdres stykke som ”Under Bogfjellet” om tiurjakt og ”Under Vidalsfjell” om harejakt. Eit halvt hundreår seinare fortel han i same bladet kva han meiner om naturinngrepi i Vassfaret: ”På skitur i Vassfaret i mai” er han komen til ein stad der ”den nye Svartedauden ikke (har) herjet ennå, med bilveger, reguleringsdammer og hyttebygging”. Artiklar som ”På bjønnespor i Vassfaret” og ”Der bamsen søv vintersøvn” fortel om bjørnespor Fønhus hadde fylgt der forskarane Elgmork og Unander seinare tok det fyrste norske fotografiet av bjørn som nyst var gått or hi, og om bjørnehi og snøras – eit motiv diktaren nyttar ut ulikt i noveller og romanar og.
Tre Vassfar-noveller er med i Nye romaner og fortellinger, som Fønhus let etter seg. ”Snøskria i Tredalsfjellet” tek opp motivet snøras under bjørnejakt ; same motiv har ei forteljing som kom same hausten Fønhus døydde. I ”Snøskria…” blir Elling Skomakerhuset stengd inne i bjørnehiet, og skyt bjørnen då han kjem laus. Då det går honom ille på heimvegen, kjenner han det som naturen hemner seg for sviket mot bjørnen.
Forteljingi ”Bjødnakubben” er bygd på gamal tradisjon om korleis dei verna seg mot slagbjørn med ein kubbe med jarnnåler hengd framom fjøsdøri. Gjerding-Guro vaknar då bjørnen prøver slå inn døri, og skrik. Ho går ut og slår kokheit myse frå ei bytte på bjørnen. Utruleg? Knut Hermundstad skildrar i boki I kveldsseta at Gunhild Kyrkjebakken, fødd på Lerskogen 1863, fortalde om ei budeie som blinda ein bjørn med kokande prim.
I novella ”Seterfriing” kjem Fønhus-humoren klårt fram. Tre valdrisar er på friarferd til ei hallingjente på austsida av Vassfaret. Ho sit og tenkjer på kjerasten frå Gulsvik medan dei kappast om henne med medkjøpte godteri, bilete av heimegarden (heilt ”tilfeldig” innlagt i ei bankbok) og skrøyt av hallingjenter. Kosteleg skildrar Fønhus stasbukken som må ofre ein hårlokk då den eine guten bed jenta om ein jentelokk til minne – og valdrisane ber i hop i slagsmål om det dei trur er hårlokken.
Romanar
Ser me bort frå debutromanen Skoggangsmand, som tek til i Hedalen, har ni større forteljingar emne frå Vassfaret og Vidalen:
”Fortellingen om slagbjørne Rugg” i Der vildmarken suser (1919)
”En villmarkssønn” i Der vildmarken suser (1919)
Trollelgen (1921)
Fjellkongen (1930)
Tredalsmåren (1950)
Under Skagsnuten (1973)
”En slagbjørn” i Nye romaner og fortellinger 1V (1978)
”Underlig hare i Kinnrudskogen” i Nye romaner og fortellinger 1V (1978)
”Fortellingen om slagbjørne Rugg” er rik på dramatiske episodar bygde på verkelege hendingar, t.d. det einaste kjende tilfellet frå nyare tid av at bjørnen har teki livet av eit menneske, grufull bjørnejakt med saks, bjørn som tar elg, og bjørn som går laus på jegeren då geværet klikkar.
”En villmarkssønn” tek opp motsetningi og valet mellom sivilisasjon og status på den eine sida og villmark og trivsel på den andre – med ei skildring av studenten som lik Fønhus sjølv bryt opp av jusstudiet og dreg innover mot Vassfartraktene.
Trollelgen har folkeaugo – sjeli til Vidalssvensken lever i dyret. Svensken skal etter segni ha gravi gull i Vidalen. Han døydde av fallesjuke, men ville koma att ”som et djur”. Sjur Renna (Gaupa) dreg ut frå stugua si Hedalen på jakt etter trollelgen – år etter år.
Fjellkongen handlar om Levor Gørrleiksrud og Vassfaret, ”hans og ættas dal”: Vassfardalen som han var før, utan naturinngrep og restriksjonar. Levor og forfedrane hans var fjellkongane. Erik Kveo er den ”framtidsretta” husmannen som kjem seg fram ved å øyde det gamle.
Eit uhyggeleg høgdepunkt i boki er ferdi over fjellet til Hedalen med den døde Åtgjerds-Kari på skikjelka og dotteri Tøren dødstrøytt i skisporet bak. Både ski og klede er lånte ; villmarkskvinnene hadde ikkje nødvendig utstyr sjølve.
Tredalsmåren fortel og om fjellbønder i uforsonleg strid. Dei slåst om Tredalsmåren; ein mårskinn var da så verdfullt at det kunne gje dei att den kyri dei mista ved eit uhell.
Eigentleg har boki to motiv: striden mellom jegerane og livet til måren. Fin er skildringi av møtet mellom mår og make. Vemotig er slutten, der homåren avviser Tredalsmåren då han vil ned i reiret til ungane deira; ho er utrygg. Han gjev seg ut i Vassfardalen att med havørni svevande over.
Under Skagsnuten kom den hausten Fønhus døydde, og synet vårt på tragedien mellom brørne blir kan hende merkt av det. Dei som ikkje trur Fønhus makta menneskeskildring, bør lesa dette. Igjen er ulovleg elgjakt og saujakt med, i de heile er det harde og ulykkelege folk på kanten av bygdesamfunnet Fønhus har gjeve mest makt.
Motivet med innringa bjørn i hi blir bakgrunnen for slutten på boki. Men fyrst opplever hovedpersonane lukka ved å prate saman som i gamle dagar då Tørgrim må ha Herman med for å jaga bjørnen or hiet. I dei tragiske sluttkapitli er gamal folketru endå ein gong med å bestemme korleis det skal gå med personane.
I Nye romaner og fortellinger Vassfarområdet bakgrunn for tre romanar. ”En slagbjørn” har mykje stoff felles med forteljingi om slagbjørnen Rugg, og det kan vera noko av grunnen til at Fønhus let boki liggje uprenta. Mykje om skog og segn i Vassfaret er med. Gamal folketru får Per Rabalsplassen til å bite sporden av fyrste fisken han tek, og kaste han ut i vatnet att. Me grøsser endå ein gong over segni om drap på skreppekremar og tenestejente. Me undrar oss over tradisjonen om bjørn som sårar folk og let de liggje når dei spelar daude.
”Stortiuren Redalsrusken” fortel mest om tiurjakt og rivalisering mellom strie jegarar. Plassa-Per og Dalar-Gul vil båe vera den som skyt Redalsrusken – som Per vågar geværet sitt på må vega minst ei bismerpund (6 kg). Villmarksmeisteren Fønhus fortel mykje om jaktmåtar og levevis hjå skogsfuglane i denne boki.
”Underlig hare i Kinnrudskogen” er om ein åndsfrende av Fønhus; Guttorm Kinnrud slutta med jakt då han forsto den store samanhengen i naturen. Som Fønhus blir han gjort narr av i heimbygdi for det. Den underleg haren – ein albino – overlever då mori blir skoten med nyfødde ungar. Harehunden set seg fast under jakti. Guttorm vernar både hare og hund, ein hund som ikkje blir skikkeleg passa av dyrlegen i bygdi. Fønhus hadde vel ein ironisk tanke med kombinasjonen dyrlege – vanskjøtta hund.
Tredalen og Redalen
I fyrste romanen bruker Fønhus verkelege hendingar og verkelege stadnamn, som Vassfaret og Vidalen. I Skoggangsmann tek dramaet til i Hedalen, med namn som Dytholknatten og Eldjarnstad der dei verkeleg ligg. I Hedalen og Vassfaret er det og nytta verkelege namn, men ikkje alle likte å få sine gardar og slekter knytte til dramatiske hendingar, og gradvis erstatta Fønhus dei med omskrivne og oppdikta namn, slik at me får eit fast utforma geografisk Sør-Aurdal i Fønhus-bøkene.

Alt i ”En villmarkssønn” i Der vildmarken suser kjem det omskriving her; Motdalen blir namnet for Hedalen frå no av. Men Skudalen (Vassfaret) og Aurvatnet (truleg Aurdalsfjorden) blir endra att i Trollelgen, der Tredalen og Redalen (Vassfaret og Vidalen) blir litterære namn me kjem til å møte i bok etter bok. Fjellkongen utvider det litterære landskapet med nye namn som Rokøllin og Fatingen. Mønsteret er så fast at me kan fylgje det i romanar og noveller i dei fylgjande femti år. Eitt einaste unntak må nemnast. I den etterlatne romanen ”En slagbjørn” kallast Vassfaret for Gautevassdalen, som ligg mellom Valderdalen (Valdres) og Aredalen (Hallingdal). Bringen har det noko tunge namnet Kråkehuggukøllin, Nevlingkollen er Rabalskøllin. Fønhus syter og for å setja namni i samanheng: Rabalsplassen (Vassfarplassen) ligg nedunder. Gautevatnet og Gautevasselva synest vera Suluvatnet og Aurdøla.
Nokre namn på den litterære kartskissa er litt uvisse, som plasseringi av Svartkøll i Vidalen og Tølleivsetra sønnafor. Skagsetra (Fledda) synest å liggje nærare bygdi enn plassen Skaget i Under Skagsnuten. Men me lyt gje også Fønhus ei viss diktarfriheit sjølv om han plar vera svært nøye med autentisk bakgrunn for stad og hending.
Segn og sanning
Det er ikkje mykje dikting i bøkene mine, sa Fønhus; det er verkelige hendingar. Ein meldar gjorde den tabba å kritisere ei urimeleg episode – hubroen som nappar skinnluva av ein mann. Sjølvsagt ei verkelig hending!
To artiklar i 60-åri fortel om arbeidet Fønhus systematisk dreiv for å få bakgrunnsstoff til forteljingane sine. ”Sjøormen svømte hele Begna … Et besøk hos bygdegranskarane Jørgen Bergsrud og Kristen Bergsrud i Hedalen” nemner drukningsulykka Gudbrand på Vassfarplassen var mistenkt for, så tenestejenta hans drukna medan ho var med barn. J. Bergsrud meinte mistanken mot Gudbrand var grunnlaus. Fønhus har nytta motivet både i Fjellkongen og ”En slagbjørn”. Den siste romanen har og med motivet om bjørn som rir elg, noko hallingen Amund Lien frå Vassfaret sjølv skulle ha sett, etter det Fønhus skriv i artikkelen ”Veteranen frå Vassfaret”. ”De gamle bygdefortellerne har gitt meg stoff til mange bøker”, fortel Fønhus i eit intervju i 1965. Han seier seg lei for at radio og avis no erstattar den gode forteljaren. ”Man har ikke behov for dem lenger – det er blodig synd. De var kunstnere i sitt fag disse gamle fortellerne. De bar på en arv fra sagatiden.”
Det gjorde Fønhus sjølv, både i all den gamle tradisjonen han nytta ut og i måten han la det fram. Stilen er ikkje ulik den mellomalderforfattaren nytta, t.d. ved det fortetta, klåre språket og ved synspunktet: lesaren ser kjensler og reaksjoner utanifrå.
Knut Hermundstad samla mykje folkeminne frå Valdres, og ein god del frå bøkene hans finn me att i Fønhus-romanane. Dei to bjørneromanane om slagbjørnen Rugg og Kråkehuggu-Borken har ulikt tradisjonsstoff om bjørn som går laus på menneske, mellom anna jegeren som bergar livet ved å spela daud etter å ha såra bjørnen. Om dette – og bjørn som slår ned ku – fortel Hermundstad i I manns minne. I ”En slagbjørn” skildrar Fønhus bjørnen som møter lagnaden sin av di jakt med saks har ført til at han mistar ein labb. Fønhus fortalde at Welhaven skildra eit slikt tilfelle frå ein tur i 1949. Og Fønhus fekk høyre at dei året etter fann ein drukna bjørn med tre labbar i Hølera.
Blant forteljingane om bygdefolk på kant med lov og bygd står Fjellkongen i ei særstilling. Levor driv ulovleg jakt og blir mistenkt for drap og valdsferd, mellom anna skot mot fiskarar på Nevlingen. Elling Elsrud skal ha fortalt om at Gudbrand på Mikkelsplassen (Vassfarplassen) skaut mot to hedølingar som fiska der, slik Nubb Gørrleiksrud gjer. Åtgjerds-Kari er ein historisk person, sjølv om ikkje alt ho får skuldi for i Fjellkongen, er knytt til det historiske førebiletet. Og jamvel den makabre turen over fjellet med båre og brennevin som kontrastar skal ha historisk bakgrunn.
Trollelgen har og mykje historisk stoff, særleg om elgjegeren Gaupa og Vidalssvensken. Det er t.d. tradisjon om at jegeren Per Maribo, modell for Gaupa, skaut elg frå glaset i ei bu. Også hendingi der jegeren går laus på elgen på skareføre, skal vera autentisk. Om det fortel J. Jensen i På jakt etter storelgen. ”Underlig hare i Kinnrudskogen” understrekar det synet Guttorm Kinnrud og Mikkjel Fønhus fekk: Lystjakt er unaturleg og ”umenneskeleg” (dei hadde neppe godteke ordet ”dyrisk” som synomym!) Guttorm studerer naturen i sin sterke kikkert, og ser blant anna bjørnen i grasingi ved Dugurdsknatten. Førebiletet er Elling Elsrud, som studerte bjørn i Middagsknatta.
Målbruk
Fønhus vekslar mellom nynorsk og dansk-norsk i tidlege arbeid. Han sa sjølv at han ville ha nyttaa nynorsk om han skulle ha teki til att som forfattar frå starten. Etter kvart vart han den fremste til å skrive samnorsk. Språket vart sterkt farga av valdresmål, både ved at målføreord vart nytta systematisk i forteljingane, og ved at direkte tale vart skrivi i reint målføre, det som blir kalla ”dialektrealisme”. Dette har samanheng med både kultur og natur (me er i Sør-Aurdal). Me såg at det vart nytta verkelege stadnamn frå Hedalen i dei fyrste bøkene, men litterære namn sidan. Nettopp i dei fyrste forteljingane er det nytta ekte hedalsmål i replikkane. Hans Trefothaugen seier je, vi og itte, Fønhus sjølv har e, mø og ikkje. I ”En villmarkssønn” blir målbruke direkte omtala, der Knut Gjølmyr høyrer på målet at Elling er frå Motdalen (Hedalen. Han sa t.d. ”E det fiskerer”, ”je ska jule’n så’n itte orker lyfte huggu” og ”ein tå øss” (lengre nord uss). Men i denne siste historia er nye stadnamn komne inn, og i seinare bøker nyttar Fønhus bagnsmål også for hedølingane. Me kan undre oss over dette, men ved sidan av at Fønhus kanskje syntest språket vart mest ekte når han fullt ut kunne nytte sitt eige, er det rimeleg å peike på namnebruken. Kravet til ektheit og sanning krev hedalsmål i Hedalen, men ikkje i Motdalen.
I sjølve evna til å nytte ut språket, skapa nye råkande uttrykksformer, er Fønhus meisterleg så og seia frå starten. Eitt einaste døme her og, frå Der villmarka suser: Vandraren trår ”oppi et rypekuld. Lyngen ristet fuglene av seg: det bruste og surret…”.
Meister i naturen
Naturskildraren Fønhus vart godteken straks, men kan hende er det her og djupare sider ved forfattaren. Rein naturskildring er berre ein del av emnet, men sjølvsagt ein viktig del. Vassfaret og Hedalen har Fønhus skildra godt, grundig – og lenge. Alt i 1917 skildrar han Hedalen og Vassfaret i ”Under Vidalsfjell”. Her står mellom anna:
Da så jeg Hedalen som jeg aldri før har sett den. Grunn og slak gled den gjennom ødemarken. Det var bølgende lier og grå koller, myrer iblandt .. det var glitr av elv, og lysning fra gårder, det mjuk, fin å-sus og kvisk fra skog… Men over alle lier i vest skinnet fjellene…
I 1919 kom Der vildmarken suser, med ei innleiing som lyrikaren Jul Haganæs set blant dei fremste naturskildringane i norsk litteratur. Opningi ”Dette var en aprilnat i Hedals-Vassfaret, en nat med tynd hoggeskare og sus fra skog” kjem eit snes sider seinare att slik: ”Dette var en kveld i Hedals-Vassfaret, en nat med tynd hoggeskare og sus fra skog. Det står to menn under en berghammer, og de er glade fordi de har drept”. Trass i den reint beskrivande skildringi får diktaren oss med: kontrasten mellom naturharmoni og dyredrap arbeider i oss.
Ei rad andre skildringar av Vassfaret til ulike årstider må reknast til perlene i norsk naturskildring. Trollelgen opnar med eit utsyn over Vidalen:
Historien begynner i Redalen, som ligger der og gaper i fjellet, lang og flat, med skoglier så svarte at det ser ut som henger noget av natten igjen i dem. En elv siger efter dalbunnen, graver seg langsomt og betenkt frem mellom lyserøde sandstrender. Den renner nordover.
I Tredalsmåren opplever me fyrst seinvinteren slik:
Det lir ut i mars. En morgen i gryet. Lyset er så smått begynt å siles ut av himmelen over austfjellet, flyter tvers og Tredalen, stryker vestfjellet med en veik, blank glans. Nede i skogliene er det ennå natt, de tette gransøkkene er som djupe kjellere av mørke.
Litt seinare kjem våren:
Om kvelden er skogene blå, om dagen gyllengrønne i varm sol. Fra en utoverhengende bergskut drypper snøbråningsvatnet, dryppene kommer tett i tett, det er som et hengende perleband i solskinnet. Snøbråninga auker på; Tredalselva går helt åpen; det tar til å bli flaum, og den fyldige, mette susen ligger som en jevn tone gjennom dalen.
Ei anna vårskildring gjeld dyri (Trollelgen):
Men om våren syder livet i alle dalens dyr. Tiuren strekker halsen, lukker øynene og hveser lidenskap inn mot solrenningen. Hver natt er en eneste, hissig uro. Vinger skrapper, klør river og flenger, og slevjevåte tanngarder griner arge mot hverandre i vårnattens gulblå måneskinn… Over skogene svømmer Redals-fjellene som hvite svaner.
Rett etter kjem ei sumarskildring:
Det kommer slørete midtsommernetter da gjenglemte bræer i fjellet i fjellet tender sine skinnende sølvlys. Nede i Tatertjenn hviler en guldsky fra nordhimmelen, et bål i natten, en offerild til fredens og ensomhetens gud. Og nøkkerosebladene duver i vassmålet som store, grønne hjerter.
Her er det lysverknad og fargerikdom som gjer skildringi så storfelt, og det finst tallause eksempel ein kunne dra fram. Då bjørne Rugg fyrste gongen kjem til Vidalen og Bukollgrasingi, høyrer me at ”Det var i dagningen. En uvirkelig lysblanding lå og bivret der oppe mellem sneflekken. Dagen og natten lekte gjemsel med hverandre.” Det vrimlar av råkande biletglimt som ”Den siste kveldssolen henger som en rød hette over en furuknatt” og ”Elghornene flyter på det måneglitrende Morsetervannet, fullt av vuggende, vuggende sølvskåler…” (Trollelgen). Om Vassfardalen heiter det i opningi til Fjellkongen: ”Svartbustet av skog var dalen, blank av vatn, og fjellsidene kvitrandete av hissige bekker nå etter alt regnværet.” Under Skagsnuten gjev eit vinterglimt: ”Under dem ligger ”Tredalsvatnet, og den snødekte isen er som et eneste, veldig speil, av solglimet. Skogliene har fått snøen av trærne under linnværet, de er blitt mørke, og det er noe varmt over denne mørke leten.”
Tilhøvet mellom dyr og menneske må bli sentralt hjå Fønhus. Dyr let etter seg spor som kan lesast av dei som lever i naturen: ”Hvor han går, leser han foran benene på seg. En myr er et beskrevet blad, en liten fortelling, som dyrene selv har beskrevet med klauver og klør” (Trollelgen). Men menneske set og spor som dyri tolkar, og mange stader les me om om den uro og otte folk skapar hjå medskapningane sine. Klårast er det kan hende utforma i Trollelgen, med ordi ”her og der står sporet efter hund og menneske som lange strimer av angst inn gjennom ødemarken”.
Fønhus let og iblant dyri vera tilskodarar ti dramaet. Ein ikorn i ei furu ”tittet nysgjerrig ned” då Rugg forfølgde jegeren rundt eit tre. Elgoksane i kamp ser ei spette: ”Den skakker på hodet og lyer blankøyet og forundret efter pesen derborte fra myra”.
Iblant synest naturen sjøl å gripe inn. Den underlege haren i Kinnrudskogen sit på jordet og ser mot glaset der naturvenen Guttorm ligg død. Me lyt samanlikne med det som hende då Mikkjel Fønhus vart gravlagd: grågåsreipet på himmelen over Bagn gravferdsdagen, så seint som november!
Ordet panteisme ligg nær: Gud og naturen er eitt, at guddommelege krefter syner seg upersonleg i naturen. Ord som ”fredens og ensomhetens gud” høyrer med saman med heile den tenkjemåten som gjennomsyrer bøkene: samkjensle og sambinding mellom natur og skapning og mellom natur og skaparverk.
Vern om skaparverket
Då blir og naturvern del av ein vidare samanheng. For Fønhus var det knytt både til moralsk grunnsyn og eit religiøst syn: ansvar for medskapningar og ansvar for skaparverket. Dette kjem direkte fram i dedikasjonen i Tredalsmåren:
Til alle dem som prøver å verge våre vergeløse rovdyr og rovfugl, nådeløst forfulgt og mishandlet, men satt der i skogs- og fjellmarkene av Skaperen, fordi de har sin nyttige gjerning å gjøre.
Men elles let han dyr og menneske føre fram tankane til lesaren. Dyri lengtar etter freden, slik bjørne Rugg kjenner at ”det var noget som ergret ham, og det var bjøllelåten: …den ødela freden omkring ham. Fjellet skulle være stilt.” På same vis lengtar trollelgen attende til Redalen:
Men nu vil han attende til Redalen, for det er der han liker sig, det er Redalen som er hjemmet hans på jorden. Der kan freden i månedsvis ligge og flyte over skogen, det er som flyter freden ind i selve hans egen raggete kropp, han blir selv en del av stillheten mellom fjellene. Og ro, det er hans dypeste natur.
Av personane formulerer fjellkongen Levor og villmarkssønen Knut dette klårast: Levor skjønar at ”dalens sjel er drept”, sjølv om han ”kan ikkje tenke det med slike ord, men han bare tenker som så at et trivst ikkje lenger her.” Trivsel er kan hende nett det ordet flest valdrisar har nytta om kjenslene ved naturinngrep som øydelegg det det er glade i. Dei lengtar attende til naturen slik Knut Gjølmyr opplevde Vassfaret for lenge sidan: ”Hvor vild var ikke denne dalen, vild og ensom. Her hadde menneskene ikke skjemt ut med sitt næringsvett!”. Dette skreiv Fønhus i 1919!
Miljøvern og naturvern vart sentrale omgrep etter hans tid og på grunn av hans virke. Han arbeidde aktivt for fredning av Vassfaret, og har mykje av æra for at valdrisane freda bjørnen. Men han vart pessimist når det gjaldt Vassfaret; i 1961 uttala han til lokalavisa: ”Jeg tviler på at det kan gjøres noe for å oppveie den skada som allerede er skjedd der inne. Det er slutt på idyllen, og motoren råder grunnen. Slik vil det gå over alt, hvis myndighetene sover i en så viktig sak.” Likevel er det ikkje slik at Fønhus gav opp kampen. Ei avisnotis frå Aftenposten 2. desember 1971 talar for seg sjølv:
Samme dag som Vassfarutvalgets arbeidsutvalg var hos statsråden, fikk Nordli også besøk av en annen delegasjon med Mikkjel Fønhus i spissen. De overleverte statsråden en henstilling om fredning og vern av Vassfaret.
I ”Underlig hare…” let han Guttorm Kinnrud tolke den forandringi han og Fønhus gjekk gjennom i synet på jakt og skaparverk. Fønhus arbeidde i samsvar med nyare økologiske tankar lenge før det vart populært. Det synest som det kan ha vori ein vekselverknad her: Fønhus påverka både folk og forskarmiljø ved sitt langvarige og trufaste arbeid for natur og miljø. Forskarane fekk folk lettare i tale der Fønhus hadde arbeidt lå lenge, og han var sjølv blant dei som tok imot nye kunnskapar om t.d. økologi og nytta det ut vidare. I alle høve er den store samanhengen eit hovudpunkt idet testamentet Fønhus gav oss i sitt livsverk og i sitt litterære verk. Og slik let han Guttorm tenkje tankane deira:
Og så forandret han seg på en annen måte også; han ble slik at råkte han til å ska’skyte et dyr eller en fugl, da fikk han vondt av det. Han ble forsiktigere med skottene, skjøt aldri uten han kjente seg trygg på å drepe straks. Og han sluttet helt med å ødelegge haukereir, myrde de hjelpeløse ungene. Fann han et revehi, så tidde han med det; ingen måtte får greie på hvor det var, slik at noen skulle får høve til å grave fram revehvalpene, og drepe dem. Han hadde sia han var ung, sett så mye av skogens og fjellets liv, at han hadde lært å forstå den store sammenhengen: Ingen var overflødig der, selv de som levde av å drepe andre.